Vigsling av Marianne Eiternes


Søndag 30. juni vart Marianne Eiternes vigsla til prest i Værnes kyrkje av biskop Herborg Oline Finnset.

Søndag 30. juni vart Marianne Eiternes vigsla til prest i Værnes kyrkje av biskop Herborg Oline Finnset. Fleire inderøyningar deltok i gudstenesta, både med ulike oppgåver og i kyrkjelyden;  mellom anna deltok Frida prest som tekstlesar og forbedar. Etter gudstenesta var det ein triveleg og innhaldsrik kyrkjekaffe med mange godord om og til Marianne. Det var ein flott og høgtidsfull dag for alle involverte, og no kan Marianne med rette titulere seg sokneprest. Vi ønsker henne alt godt og Guds signing over prestegjerninga hennar! 

 

Blant dei på biletet finn vi sokneprest Marianne Eiternes, biskop Herborg Finnset, prost i Stiklestad prosti Christine Waanders, sokneprest Frida Sofie Øyen, fung. prost i Stjørdal prosti Per Anton Rokseth Leite, fung. sokneprest i Stjørdal Torhild Fikseaunet, og Jakob og Marit Støre-Valen, saman med øvrig stab, familie og venner til Marianne. 

Alle foto Inger Marie Kimo 

Tilbake